| |
|
|
|
Turisme/oppleving |
|
|
|
Turforslag
KÅRSTADSTØLEN Kårstadstølen ligg oppunder austre delen av Storehesten med praktfull
utsikt over bygda. Hugs å ta med fotoapparatet. Løypa er merka med Turlaget sine T'ar frå Stølshaugane.
HJARTELØYPA Ca 4 km. Begynner med litt stigning, opp mot Storehesten.
Her må hjartet jobbe litt medan du "klatrar". Og når ein først er komen opp, kan ein glede seg til ein fin
rusletur på skogsti/skogsveg tilbake til Rytne. Denne løypa har mange fine utsiktspunkt for fotografering (RAUD LØYPE).
DEN HEMMELGE FOSSEN... ...ventar på deg, berre 5 minutt gange frå Rytnetunet. Fossen har nesten 20 meter
fritt fall - høyr og kjenn fossesusen på nært hald! (BLÅ LØYPE.)
HJORTELØYPA Ca 2 km, går i skogen aust for Rytne. Her er mykje spor og sportegn etter hjorten og det er sjanse for å
sjå han på nært hald (GUL LØYPE).
STOREHESTEN Følg skogsvegen forbi Rytnetunet til enden og fortsett på godt merka sti til toppen av Storehesten, 1209 moh. Det er omtrent sju km fra Rytnetunet til toppen. Dette var også løypetraseen for årets NM i motbakkeløp, den 28. juni.
Meir om Storehesten, løpet og kart over området finn du på:
www.storehestenopp.no Kart over nærløypene er tilgjengeleg på Rytnetunet. Også moglegheit for guida turar.
|
|
|