Topp banner
 
         
 
Om oss
  - Kårstad Bruk
  - Kvar finn du oss?
  - Kontakt oss
 
Turisme/oppleving
  - Rytnetunet
  - Leig din eigen gard!
  - Badestamp
  - Byggeskikk
  - Vikingskipet
  - Konsert på Rytne
  - Turforslag
  - Prisar
  - Bildegalleri
 
Grøn omsorg/Inn på tunet
  - Kva er grøn omsorg/IPT?
  - Green Care Forest Farming
 
Terapiriding
  - Hesten som terapeut
 
Kransebinding
  - Kransebinderi
  - Vareutval
 
 

 Turisme/oppleving

 

Leig din eigen gard


Rytnetunet ligg oppunder fjellet Storehesten i Bygstad, 5 km frå sentrum. Langhuset på 120 m2 er fordelt på fire familierom, to hemsar (totalt 16 senger), stort fellesrom, utandørs badestamp, moderne bad og fullt utstyrt kjøkken.

Rytne er perfekt for den som vil samle familie, vener eller kollegaer på sitt eige "gardshotell". For firma eller grupper som ynskjer å ha kurs eller ulike arrangement, kan vi tilby omgjevnader med ein unik og heimekosleg atmosfære, i tillegg til ulike aktivitetar (sjå Vikingskipet og Guida turar).

Dei eldste husa er frå 1600-talet, og i kombinasjonen av nytt og gammalt, har vi ynskja å ta vare på det historiske særpreget - alt frå knirkelyden i døra til mosen i tømmerveggane.

Uteområdet har bål/grillplass, trebenkar i skråningen mot dammen og den lille fossen midt i tunet. Her er også ei lita scene og eit større tregolv, som kan brukast til danseflake eller som ein stor uteterasse.

MATSERVERING
Vi kan også tilby servering av spennande rettar med lokale råvarer frå "Mitt lille kjøkken" ved Christel Eide. Christel lagar alt fra koldtbord til fleire rettars menyar. Ein av spesialitetane er "Vikingsuppe."

 
         
Kontakt oss på Tlf: 57 71 73 75 Mobil: 48 02 02 61 eller e-post: post@kaarstadbruk.no