| |
|
|
|
Terapiridning |
|
|
|
Hesten som terapeut
Kårstad Bruk tilbyr også Terapiriding (behandlingsriding) som er eit samarbeid med fysioterapeutane i Gaular kommune.
Barn og vaksne med funksjonshemming, reumatikarar og andre med lidingar i rørsleapparatet er nokre av dei som nyttar
seg av dette tilbodet.
Kvifor hesten er ein god terapeut
Hesteryggen har rørsler som det menneskelege bekken. Den som sit på hesteryggen får overført alle desse rørslene, som
forplantar seg som bølgjer gjennom resten av kroppen. Det er dei same rørslene ein får ved å gå, springe eller hoppe.
Gjennom sitte, stå, ligge og innta ulike stillingar på hesteryggen kan ein trene opp muskelstyrke, rørsleevne,
betre balanse, koordinasjon og kondisjon. Gleda over å mestre riding og det å utvikle tillit til hest og hjelpepersonar
er også viktige aspekt i behanlinga, og gjer at terapiriding også er eigna for menneske med visse psykiske lidingar.
Som all anna behandling, blir dette rekvirert frå fastlegen.
Tryggleik i høgsetet
Hjelm er eit ufråvikelig krav, det same er kravet om at det alltid skal vere to vaksne tilstades, ein som har ansvar og
kontroll på hesten, og ein som har ansvaret for ryttaren. Kårstad Bruk er godkjent som ridesenter og klientane har tilgang
WC, vask og skifterom.
|
|
|