HUSA PÅ RYTNE
I tunet finn vi langhuset, eldhuset, smia, kvernhuset og løa.
Langhuset (hovudbygget) består av ei lemstove med hems, hellelagt yttergang, sperrestove, kjøken, matbu, klebu og kjellar under lemstova og sperrestova.
Klebu og matbu er dei eldste delane av hovudhuset og fungerar i dag som to familierom.
Lemstova mot vest i langhuset er opprinneleg eit stabbur frå Viksdalen.

Eldhuset inneheld moderne bad med dusj og WC og i tillegg to hemsar med til saman fire overnattingsplassar.
Smia ved eldhuset syner berre grunnmuren i dag.
Kvernhuset ligg ved ein dam ytst i tunet. Også her er berre murane att.
Løa er stor og rommeleg og fungerar i dag som festlokale/konsertlokale med plass til 70 personar til bords. Rytne har også uteløe, som ligg på ei myr ovanfor garden. Vi finn synlege restar av Rytne sin støl ute ved Bergsvatnet på Bergsheia i vest.
Her kan du lese meir om Rytnehusa si historie.